Publisert i %1$s Anmeldelse

Utfordrande, men interessant sjanger

  Denne boka føyer seg inn i ei rekkje av tekstar med mishagsytringar om den norske helsetenesta. Det er vanskeleg å seie nøyaktig når denne «skriftserien» starta. Boka Veien til Karlsvogna som journalist og pårørande Jon Magnus gav ut i 1999, med fokus på dei miserable forholda ved Ullevål sjukehus, kan vere eit rimeleg startpunkt.

 date_range Publisert 19.3.2015, oppdatert 18.12.2016

Desse tekstane har nokre fellestrekk som gjer at eg vel å sjå på dei som tilhøyrande ein eigen sjanger. Dei er jamt over velskrivne. Innhaldet er godt grunngitt og vurderingane byggjer i stor grad på etterretteleg empiri. Men dei presenterer ei vinkling, med få om nokon motsegner og lite med samanlikningar opp mot vel-definerte alternativ. I det offentlege rommet blir dei presenterte og drøfta som nyhende. Sjeldan eller aldri blir dei møtte med tekstar innanfor same sjangeren med innhald som utfordrar synspunkta. Dei som har det konkurrerande innhaldet (les: departementet, kommunane og helseføretaka), skriv ikkje slike tekstar. Dei lagar meldingar, proposisjonar og budsjett. I blant dukkar det opp tekstar frå Helsetilsynet eller Riksrevisjonen, som ofte stad-festar på-standane til dei som kritiserer. Men utfordrarane, helsemakta og kontrollørane held seg til sine sjangrar og har få om nokon møteplassar der meiningane kan få brytast og utviklast over lengre tid.

Denne boka nyttar brevforma som retorisk grep. Medrekna redaktøren har 18 personar gitt tilkjenne sine vurderingar av tilstanden i den norske helsetenesta, og kome med oppfatningar om kvifor det er slik. Tekstane er gjennomgåande lette å lese og alle som har eit minstemål av kjennskap til korleis helsetenesta fungerer, vil kjenne seg att i mykje, kanskje det meste, av det som brevskrivarane har sett og opplevd.

«Alle som har eit minstemål av kjennskap til korleis helsetenesta fungerer, vil kjenne seg att i mykje, kanskje det meste, av det som brevskrivarane har sett og opplevd»

Så langt, så godt. Men når det kjem til årsaksanalysane tykkjer eg at mange av forfattarane tek ganske lett på dei. Økonomar blir jamt over sett på som noko som helsetenesta skulle ha vore fridd frå. Økonomifaget som ein reiskap for å hindre sløsing kjem ikkje fram. Nokre tekstar legg til grunn at det er fagfolka som skal vere dei absolutt normerande, og attpåtil dei som alltid tenkjer på pasientens beste. Andre tekstar (sjå t.d. s. 18) utfordrar denne idyllen kraftig.

Midt oppi alle desse breva dukkar «helsepoeten» Sverre Støren opp med nokre prosaprega dikt. Dei er spennande, fordi dei viser korleis poesi kan frigjere oss frå tid og stad, og halde like sterkt fokus på det som er sakleg og vesentleg som dei prosaprega breva.

Det er mange brev som hadde fortent særlege kommentarar. Eg skal berre vise til eitt. Line Fuglehaug skriv til bestemor si, som er 90 år. I starten av brevet er det ei forteljing frå 1948 då bestemora måtte ta toget frå banemeisterbustaden på fjellet ned til bygda med den avdøde sonen sin i armane. I eit slikt lys blir det lettare også å kritisere alt det som ikkje fungerer i ei helseteneste som dei fleste av oss ikkje vil unnvere.

Boka bør også vere ei sterk påminning om at den lovpålagde teieplikta til helseperso-nellet skal verne pasientane, ikkje helsepersonellet, helsetenesta eller styremaktene. Forordet til redaktøren bør minne oss om det. Men det gjer faktisk også helsepersonel-loven. I § 17 er det krav om at helsepersonell skal seie frå om forhold som er til fare for tryggleiken i tenesta. Breva i denne boka gir eit tydeleg bilete av at det ikkje er frykta for represaliar frå tilsynet som er viktigaste årsaka til at dette ikkje skjer. Det har meir å gjere med helsetenesta sine eigne aktørar, på alle nivå, har funne seg vel til rette bak lukka dører.

Slike bøker som dette kan vere med på å opne desse dørene, men det føreset at denne sjangeren finn sitt møtepunkt i noko. Kanskje kan dei årlege meldingane frå Helse- og omsorgsdepartementet til Stortinget om kvalitet og pasienttryggleik bli eit slikt instrument?

Braut er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen Stord/Haugesund og har tidligere vært assisterende direktør i Statens helsetilsyn og fylkeslege i Rogaland.


GEIR SVERRE BRAUT

Braut er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen Stord/Haugesund og har tidligere vært assisterende direktør i Statens helsetilsyn og fylkeslege i Rogaland.

 

Askvik, Lise (red.)
Helsesviket
– Brev fra helsevesenet
Aschehoug, 2015
ISBN 9788203295300
NOK 299,- (Ebok 129,-)

Del gjerne!

1 kommentar til “Utfordrande, men interessant sjanger

  • Jan Nystrøm

    Jeg har ikke lest boka og skal derfor heller ikke kommentere den. Refleksjonene til Geir Sverre Braut vedrørende organisering, varsling og møteplasser er imidlertid verd oppmerksomhet. Når det for kort tid tilbake ble slått opp som en nærmest sensasjonell nyhet at et sykehus på Sørlandet skulle starte et prosjekt med å lytte til pasientene, så forteller det mye om at kommunikasjonen innen helsevesenet fortsatt befinner seg på et «steinaldernivå». Som pårørende til en kronisk syk datter og barnebarn har jeg på nært hold sett hvordan helsevesenet behandler pasienter med sykdommer som de lukker øynene for at eksisterer. Leger som selv blir rammet av kroniske infeksjoner og får en diffus diagnose i det norske helsevesenet, drar sammen med tusenvis av norske pasienter til utlandet for å få en diagnose og behandling som ikke tillates i Norge. Leger som lytter til pasientene og som «varsler» om de mangelfulle analysemetodene og manglende kompetanse for å stille en best mulig diagnose for behandling av kroniske infeksjoner, blir i beste fall frosset ut av det gode selskap og i verste fall blir de fratatt legelisensen. Så lenge kroniske infeksjoner ikke eksisterer, og hvis de eksisterer, finns det ikke et behandlingstilbud, kan helsemyndighetene fortsette med å late som om det ikke er et alvorlig helseproblem. Da er det heller ikke så merkelig at NAV, venner og familie tror at aktivitet og positiv tenkning er det som skal til for å bli helbredet. I likhet med så alt for mange tidligere fastlåste forestillinger om den eksisterende evige sannhet inne helsevesenet, vil også sannheten om ikke eksisterende kroniske infeksjoner møte sitt Waterlo.

  • Svar på Jan Nystrøm Avbryt svar