Geir Sverre Braut
Geir Sverre Braut er fast anmelder i Journalen.
Publisert i %1$s Anmeldelse

Samfunnet på langs og på tvers

Vår faste anmelder oppsummerer fire aktuelle saksprosa-bøker om «det norske grunnfjellet», og Norge sin plass i europeisk historie og samtid.

Skribent person GEIR SVERRE BRAUT   date_range Publisert 12.9.2018, oppdatert 6.10.2018

På forsommaren publiserte Morgenbladet kåringa av dei ti beste sakprosabøkene i Skandinavia etter år 2000. I kommentaren til kåringa skriv Ane Farsethås at den gode sakprosaen er til hjelp for oss når vi skal manøvrere i verda (1). Ho skriv vidare at den avgjerande skilnaden mellom sakprosa og skjønnlitteratur er det forpliktande forholdet til røyndomen. Difor er det vesentleg korleis sakprosaforfattarane brukar og gjer greie for kjeldene sine.

Gjennom desse bøkene ser vi tydeleg det norske samfunnets grunnfjell. Det bør også legar kjenne.

Denne kommentaren skal handle om nokre nyleg utkomne bøker, som samla sett og kvar for seg er fine døme på den høge standarden som vi har på sakprosaen her i landet. Dei kan nyttast som lesnad for ein passe samfunnsinteressert person som ønskjer å få næring til tenkinga si om samtida.

God sakprosa handlar om aktuelle tema, ikkje nødvendigvis dagsaktuelle, men også slike som kan setje vår eiga tid i eit utvida forståingslys. Sjølvsagt må dei vere språkleg velskrivne. Det vil ofte seie at levandegjorte forteljingar ber teksten. Men i sakprosa kan forteljingane ikkje vere heilt frie, slik som i skjønnlitteratur. Den narrative framstillinga må byggje på kjeldene og vere truverdig, altså vise noko som godt kunne vore sant.

«Dette er Norge»

Knut Olav Åmås har som siktemål å gi oss eit fleirstemmig bilete av Noreg. Tekstane er eit utval av Åmås sine velskrivne og analytiske kommentarar gjennom rundt 15 år. Når eg les desse tekstane, kjenner eg meg att. Det er dette landet og samfunnet eg også kjenner.

Likevel er det noko «stove-reint», nesten normativt, over tekstsamlinga. Sjølv om forfattaren, både innleiingsvis og under vegs, er tydeleg på at tekstane gir uttrykk for hans eigne standpunkt, er dei tidstypiske for kva som det er mogeleg å meine utan å falle utanfor det gode fellesskapet. Eigentleg viser dei slik sett kor konformt det norske samfunnet enno er. Dei politiske skilnadene blir små krusingar, i beste fall med nokre skumtoppar, på eit elles stille hav – eller kanskje det er meir rett å snakke om ein fredeleg innsjø?

Sjølv om dei er språkleg gode, saknar eg stundom eit djupare teoretisk ankerfeste for dei samfunns­faglege tolkingane.

Der Åmås analyserer tekst, anten det er aviser eller skjønnlitteratur, er han på sitt aller beste. Anna er vel heller ikkje å vente av ein som har stor akademisk tyngd nettopp i litteraturvitskap. Analysane er logiske og vel grunngitte. Men sjølv om dei er språkleg gode, saknar eg stundom eit djupare teoretisk ankerfeste for dei samfunns­faglege tolkingane. Mange av intervjua med ei rekkje kjende personar mot slutten av boka, er også høgdepunkt. Særleg dei med Karl Popper og Zygmunt Bauman demmer opp for mangelen på samfunnsfagleg teori elles.

I bolken «Livet, rett og slett» er han fleire gonger innom helse og helseteneste. Her stadfestar han på mange måtar funna til Per Fugelli og Benedicte Ingstad om kva som karakteriserer folk i Noreg sitt syn på helse og sjukdom (2).

Ingen tvil om at vi har det godt i dette landet. Ingen tvil om at forfattaren likar landet, det som er norsk, og folket som bur her. Når det er sagt, likar eg korleis Åmås opnar opp for ei forståing av det ukjende og framande. Han viser oss ein trygg veg mot møtet med det som er utanfor. Det han likevel ikkje fangar heilt opp, er dei djupe spenningane som ikkje får kome heilt fram i dagen. Dei som nokon kvar av oss har litt av, og som vi i alle fall kjenner ein nabo eller ein slektning som eksponerer på fine sommar­kveldar i litt alkoholrus.

«Balkanisering av Europa»

Den som derimot får fram desse meir utålelege haldningane, er Sylo Taraku i ei bok om den aukande polariseringa i Europa. Han dreg parallellar til det som skjedde i tidlegare Jugoslavia for snart 30 år sidan. I lys av det Taraku skriv, blir brått også tekstane til Åmås uttrykk ikkje for ein fredeleg innsjø, men eit hav som har eit skrekkeleg potensiale til destruksjon i seg. Det ligg implisitt i Åmås si bok, men eksplisitt hos Taraku: Det samfunnet vi ønskjer, er politisk skapt og det blir halde levande gjennom politisk verksemd.

 

«Finland 1918»

Kor galt det kan gå, når den politiske harmonien blir forstyrra, kan vi lese mykje meir og svært så detaljert om hos Morten Jentoft. Han skriv drivande godt om den finske borgarkrigen. Med utgangspunkt i meir eller mindre kjende kjelder, gir han ei djuptpløyande og vel avbalansert framstilling av den korte, men svært så dramatiske krigen mellom «dei kvite» og «dei raude» på ettervinteren og våren i 1918. Innleiingsvis skriv han at dette er historia om korleis eit tilsynelatande vel fungerande land på kort tid endar opp med kaos, krig og massedrap.

Spennande er det at forfattaren har henta omfattande kjeldemateriale frå norske helse­arbeidarar som dreiv akutthjelp til finnane desse dramatiske månadene.

I dag er truleg finnar flest glade for resultatet, men like fram til vår tid har det vore eit tema som mange har hatt tungt for å ta opp på grunn av dei djupe spora krigshandlingane sette i det finske folket.

Vi får høyra om borgarvern, utanomretts­lege prosessar og drap i sigersrus. Det er forteljingar der hjelpeplikta blir sett opp mot krigens drapslogikk. Lesaren får eit innblikk i at «fake news» eller «alternative facts» ikkje er noko nytt for vår tid.

Spennande er det at forfattaren har henta omfattande kjeldemateriale frå norske helse­arbeidarar som dreiv akutthjelp til finnane desse dramatiske månadene. Legane Harald Natvig, Johannes Heimbeck og Jakob Thrap-Meyer dokumenterte gjennom skrift og fotografi vesentlege delar av dævelskapen ved ein borgarkrig.

Utan at dette blir særleg drøfta, gir boka grunn til refleksjon rundt hjelpearbeidarrolla i slike konfliktar. Kva betyr nøytralitet? Og er nøytralitet eigentleg mogeleg? Eg vil tru at også hjelpearbeidarar i dagens konfliktsonar vil kunne kjenne seg igjen i nokre av dei observasjonane dei norske legane gjorde og dei dilemma dei opplevde i 1918. Berging av liv er ei verdilada handling, særleg når det skjer innanfor rammer der målet er å drepe. Det blir tankevekkjande framstilt.

Jentoft maktar på ein veldig fin måte å bruke arkivkjelder, sakprosa, skjønnlitteratur og samtalar med tidsvitne som grunnlag for sine omfattande forteljingar. Han gjer godt greie for arbeids- og skrivemetoden sin. På den eine sida er det ein styrke ved boka at forfattaren ikkje sjølv tar uttrykkeleg stilling, men på den andre sida mistar vi då kanskje nokre analytiske poeng?

«Norge vårt Norge»

Kaj Skagen har sett på utviklinga gjennom dei siste par hundre åra av det som vi i dag kjenner som norsk. Vi får høyre om spenningar mellom det religiøse og det sekulære, mellom tru og kunnskap, mellom bygd og by og mellom folk flest og overklassen.

Skagen skriv drivande godt. Han byggjer mange av forteljingane sine opp omkring det eg vil kalle for små biografiar om høgt profilerte menneske i si samtid. Namna kjenner vi ofte frå den norske samfunnsdebatten på slutten av 1800-talet.

Boka sin styrke er at den står for ei nylesing av tekstar frå denne viktige tida for rotfestet av nasjonalstaten Noreg. Når han handterer dagsaktuelle personar og problem tykkjer eg nok det blir litt meir lappeteppe og det heilskaplege synet sviktar litt. Men sjå det, her kan lesinga av Åmås si boka fylle ut ein del av det som manglar. Eit kjeldekritisk poeng er at Skagen i stor grad støttar seg til sekundærkjelder, særleg annan sakprosa. Ikkje noko galt i det, men det gjer at Skagen si eiga røyst blir tydeleg, medan det til dømes i Jentofts bok er kjelderøystene som dominerer.

Skagen si eiga røyst blir tydeleg, medan det til dømes i Jentofts bok er kjelderøystene som dominerer.

Gjennom desse bøkene ser vi tydeleg det norske samfunnets grunnfjell. Det bør også legar kjenne. ■

 

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og utredningsleder i Statens helsetilsyn.

Litteratur
1. Farsethås A. Veivisere til verden.
Morgenbladet 1.-7. juni 2018:8.
2. Fugelli P & Ingstad B. Helse på norsk.
God helse slik folk ser det.
Oslo: Gyldendal, 2009.

Fullstendig informasjon om bøkene finner du i vår trykte utgave. Denne finner du som pdf eller Issuu på nettsiden vår.

Del gjerne!

1 kommentar til “Samfunnet på langs og på tvers

Legg inn en kommentar