Publisert i %1$s Anmeldelse

Robust om vold mot helsepersonell

 date_range Publisert 3.1.2018, oppdatert 5.1.2018

På baksideteksten kjem det fram at forfattaren ønskjer større erkjenning, betre mestring og at vi maktar å vere meir opne om dei belastningane som folk som arbeider i hjelparyrke blir utsette for. Forfattaren er psykologspesialist og psykoterapeut. Teksten byggjer både på psykologisk fagkunnskap og hans eigne erfaringar som hjelpar i møte med både trugande og håplause pasientar gjennom fleire tiår. Boka er rekna både på dei som har erfaringar frå hjelparyrke, og dei som er på veg inn i slike.

Boka er lettlesen. Ein kvar med interesse for problemstillinga bør kunne lese ho utan å støyte på vanskeleg fagspråk eller teoretiske modeller som berre er for dei innvigde. Forfattaren sin eigen stemme kjem tydeleg fram gjennom heile boka. I første del, som handlar om kva jobben gjer med oss, er han svært tydeleg på sine eigne erfaringar. Det er alltid eit risikoprosjekt å bruke seg sjølv i tekstar som dette. Men her tykkjer eg at forfattaren klarer seg svært så bra. Han trekkjer fram eigne opplevingar, men utbroderer eller dveler ikkje ved dei så lenge at det blir påtrengjande eller intimt. Snarare blir dei personlege historiene vignettar som ein kvar lesar kan bruke for å ramme inne eigne observasjonar og kjensler.

Første del handlar om å forstå seg sjølv i lys av dei opplevingane ein får gjennom jobben og ut frå det fellesskapet ein arbeider i. Andre del handlar om kva ein så gjer med det ein opplever. Gjennom heile boka stiller forfattaren poengterte og aktiverande spørsmål til lesaren. Desse spørsmåla supplerer dei refleksjonane som han kjem med og dei konkrete råda som han gir. Dette gjer at boka er eigna til sjølvstudium. Spørsmåla kan også fungere godt i ein kollegial lesesirkel.

Forfattaren likar å bruke språkbilete. Sentralt i første del står omgrepet «vareoppteljing». Han presenterer her ein biletleg, men ganske konkret, modell for å vurdere kor ein sjølv står i forhold til dei belastningane som arbeidet påfører ein. Modellen er praktisk lett å bruke. Men når forfattaren seier at han ved oppteljinga i «musikkavdelinga» merka som eit fareteikn at han hadde gått frå jazzinteresse til å spela «cøntri», (men heldigvis ikkje nådd til dansebandmusikk), reknar eg med at det handlar meir om den personlege utviklinga enn om sjangerpreferansen i seg sjølv!

Tilsvarande står omgrepet «leirbålet» sentralt i andre del. Forfattaren viser godt korleis dette språkbiletet lar seg bruke på dei gode og nære nettverka, både i kollegiale og private samanhengar. Han relaterer leirbålet til indianar-tradisjonar. Han kunne funne eit godt ankerfeste for denne tenkinga også i smågruppepedagogikken til dømes i speidarrørsla.

Boka har fleire spennande utspel prega av fagpolitikk, som til dømes påpeikinga av kompetanse som styrking for å klare av påkjenningane. Han har også ein grunngitt opposisjon mot det vanlege munnhellet om «å unngå å ta jobben med seg heim». Forfattaren meiner at det er umogeleg, og utfordrar utdanningsordningane til å ta eit oppgjer med slike haldningar.

Foto av Geir Sverre Braut
GEIR SVERRE BRAUT

Og kva skulle eg så ha ønskt meg annleis? Kanskje litt meir struktur i teksten. Det er ein tydeleg raud tråd gjennom heile boka, men stundom blir det litt mykje fram og tilbake langs denne tråden, for eksempel der forfattaren koplar den psykologiske og den fysiologiske kunnskapen til ein heilskap. Vidare kunne eg ha ønskt meg noko tydelegare tilvisingar til kor forskingsfronten står i dag. Referansane blir stort sett brukte til å grunngje eigne standpunkt, og i liten grad til å utfordre desse. Ikkje minst saknar eg meir frå norsk stresspsykologisk forsking. Det kunne ha auka den akademiske verdien av boka. Men for alt i verda, dette er robust, psykologisk handverk. Dei fleste som arbeider med menneske i utfordrande og uoversiktleg situasjonar vil kjenne seg igjen i teksten. Dette gjeld ikkje berre helsepersonell, men også sosialarbeidarar, lærarar, politifolk og fengselstilsette vil ha noko å hente her. Refleksjonane og modellane som forfattaren presenterer stimulerer lesaren til å ta sine eigne opplevingar eit steg vidare.

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og utredningsleder i Statens helsetilsyn.

 

PER ISDAL
SMITTET AV VOLD.
Om sekundærtraumati­sering,
compassion fatigue og ut­brenthet
i hjelperyrkene.
Bergen: Fagbokforlaget, 2017.
ISBN: 978-82-450-2202-5.
306 sider, illustrert.
NOK 399,-

Del gjerne!

Legg inn en kommentar