Ill.: Tora Marie Nordberg
Publisert i %1$s Anmeldelse

Om digitalisering i helsetenesta

Geir Sverre Braut har lese to interessante bøker om den digtale helsetenester. Men kvifor er ikke datasikkerhet med, undrar han. 

Skribent person Geir Sverre Braut   date_range Publisert 5.3.2018

AKSEL TJORA og ANNE-GRETE SANDAUNET (RED.)
DIGITALE PASIENTER
Gyldendal Akademisk, 2010
ISBN 978-82-05-39909-9
273 sider NOK 479,-
HANS NIELSEN HAUGE
DEN DIGITALE
HELSETJENESTEN
Gyldendal Akademisk, 2017
ISBN 978-82-05-49915-7
420 sider NOK 399,-

Her følgjer kommentarar til to bøker om digitalisering i helsetenesta. Den eine boka er noko tilårskomen (2010), den andre av nyare dato (2017). 

Den første er ein antologi, den andre er ein monografi; altså ei bok med mange forfattarar og ei med berre ein.

Bøkene er svært så ulike, men dei har det til felles at omgrepet digital inngår i tittelen. Utan at eg har gjort nokon systematisk analyse av korleis dette omgrepet blir brukt, meiner eg å kunne hevde at det blir brukt nokså synonymt, om enn også ganske vidt, i begge bøkene. Det er interessant, for det kan vere eit teikn på dette omgrepet er i ferd med å få ein rimeleg tydeleg bruksmåte i helsetenesta.

Den eldste boka, «Digitale pasienter», har eit samfunnsvitskapleg og systemorientert utgangspunkt. Tekstane har eit meir eller mindre tydleg teoretisk ankerfeste. Dei byggjer på empirisk materiale og blir avrunda med fine analysar ut frå både teori og empiri. Jamt over er det også svært så fyldige litteraturtilvisingar.

Fordi «Digitale pasienter» kom ut for fleire år sidan, kan ei nylesing av henne gje eit spennande blikk på forventningane til digitalisering i helsetenesta. Redaktørane spelar alt i innleiinga ut kortet om at mykje tyder på at både helsestyremaktene og media har eit vel optimistisk syn på innføring av ny teknologi som problemløysar i helsetenesta.

Boka er likevel ikkje prega av eit negativt syn på ny teknologi, heller tvert om. Tekstane handlar om ulike fenomen og prosjekt der bruk av ny teknologi blir prøvd og analysert. Den overordna konklusjonen til redaktørane er at sidan innføringa av ny teknologi skjer i komplekse kontekstar, er det ingen eintydig samanheng mellom ny teknologi og betre praksis. Kanskje ikkje ein uventa konklusjon sett med praktikaren sine augo? Likevel er det kjekt å få det så godt dokumentert som i denne boka.

Boka har eit klårt blikk på pasientrolla og byggjer opp under ein tidlegare påstand om at ulike pasienttypar trer fram i lys av auka digitalisering (1). Desse typane skal eg ikkje avsløre her. Derimot skal eg nemne dei tre utviklingstrekka som ligg til grunn for desse pasienttypane. Stikkorda er: objektivering, aktivering og involvering. No, åtte år etter, trur eg at mange vil vere samde i at til dømes pasienten sin direkte tilgang til eigen journal, opnar for auka aktivering og involvering.

Objektivering handlar om at pasienten som talande og forteljande subjekt får mindre relevans. Det er slett ikkje openbert at utviklinga har gått den vegen. Snarare tvert om kan auka fokus på personvern og samtykke i lovgjevinga, styrkje einskildpersonen som subjekt og dermed motverke mykje av det som digitaliseringa kan opne for når det gjeld fagutvikling og forsking. Det paradoksale er at ein av dei tekstane som analyserer objektivering, og som byggjer på deltakande observasjon i eit sjukehusmiljø, mykje truleg ikkje ville blitt godkjent i dag utan høggradige krav til samtykke frå kvar einskild pasient (2).

«Digitale pasienter» er ei bok som ikkje bør gløymast. Ho er framleis aktuell, ikkje minst fordi tekstane er så grundige at dei kan tene som utgangspunkt for nye undersøkingar som kan gje god kunnskap om korleis utviklinga av den digitale pasientrolla har vore i vår nære fortid.

Ingen av bøkene er særleg opptekne av sårbarheit i den digitale infrastrukturen i helsetenesta. Det er underleg. Emnet fortener kanskje ei eiga bok?

Den andre boka, «Den digitale helsetjenesten» er av eit heilt anna slag. Skriving av monografiar som tek for seg eit så breitt felt, attpåtil i kraftig utvikling, som digitalisering i helsetenesta, må seiast å vere risikosport. Men når nokon skal ta den sjansen, er det knapt andre enn Hans Nielsen Hauge som står nærare. Med lang klinisk bakgrunn, og grundig erfaring med handa tett på utviklinga av IKT-system og konsepta for e-helse dei seinare åra, har han stort truverde som forfattar.

Boka er svært deskriptiv i si tilnærming. Dette gjer at lesaren får eit grundig oversyn over dei store prosessane innanfor digitalisering og e-helse slik dei står nett no. Boka set utviklinga i Noreg inn i eit internasjonalt perspektiv. Vellukka prosjekt frå utlandet blir brukte for å syne utviklingspotensialet her i landet. Standardar, strukturar og teknologiar kjem klårt til syne. Forfattaren presenterer trendar og utviklingsalternativ på ein logisk, og til dels overtydande måte. Rammene som lovgjevinga set blir kort omtalt, men som forfattaren sjølv skriv, må ein gå til spesiallitteratur for å få detaljane.

Men ulempa med den deskriptive tilnærminga, er at vi ikkje får ta del i forfattaren sine djupare refleksjonar. Dei trur eg at han har, og eg hadde ønskt at han hadde delt dei med lesaren på ein noko meir analytisk måte. Kort sagt, kutta litt av det deskriptive og lagt til litt om tvil og tru og risiko.

Ingen av bøkene er særleg opptekne av sårbarheit i den digitale infrastrukturen i helsetenesta. Det er underleg. Emnet fortener kanskje ei eiga bok? Like eins er det lite eller inkje sagt om utfordringar langtidslagring (arkivering) av klinisk dokumentasjon.

Når det er sagt tykkjer eg at desse to bøkene utfyller kvarandre veldig fint, trass i at dei er utkomne med mange års mellomrom. Sjølv om dei begge har praktikarane i helsetenesta som sentral målgruppe, trur eg at dei i omfang og grundigheit er slik at det helst er dei særleg interesse som vil lesa dei. Dessverre.

Litteratur:

Tjora, A. H. (2004) Den digitale pasient. Helse Medisin Teknikk, (6): 26-30.

Underland, G. (2010) Pasienten som tekst: Fra subjektivt individ til digitalt objekt. I: Tjora, A & Sandaunet, A-G. (red.) Digitale pasienter. Oslo: Gyldendal Akademisk.

 

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og utredningsleder i Statens helsetilsyn.

 

Del gjerne!

Legg inn en kommentar