Publisert i %1$s Anmeldelse

Journalistikk med allmenn interesse

Boka er skriven for fagfolk, altså journalistar, redaktørar og andre mediafolk. Men forfattaren har heilt rett i at teksten har noko å fortelja til dei av oss som stundom let seg irritera over den lettbeinte journalistikk­en.

 date_range Publisert 30.12.2013

Sjue har vald essayforma. På det viset kjem den personlege forteljarrøysta godt fram. Sjølv om denne sjangeren ikkje samsvarar med dei krava ein vil setja til kjeldebruk og forsøk på distanse til stoffet som er vanleg i forsking, tykkjer eg Sjue held seg langt frå grensa mot synseriet.

Jamt over er påstandande godt dokumenterte, anten direkte i teksten eller i sluttnotane. Nokre få stader kunne eg ønskt meg noko meir dokumentasjon, mellom på side 84 der han påstår at Helsetilsynet og Helsedirektoratet ikkje så heilt sjeldan uvitande blir intervjua av pr-rådgjevarar og såleis blir brikker i eit pr-spel.

Den gjennomgåande bod­skapen er at altfor mykje av det som utgir seg for å vera journalistikk ikkje fyller dei krava til kvalitet som profesjonen må stilla til seg sjølv. Han gir lesaren ei grei påminning om at ikkje alt som blir kolportert i media, byggjer på journalistisk metode. Noko av dette, slik som å bringa vidare opplysingar av allmenn interesse, tykkjer han er uproblematisk. Når han går gjennom ulike typar stoff som han meiner ikkje tilhøyrer det journalistiske stoffet, ser eg at lesaren har god grunn til å bli forvirra. Kanskje aviser og nettmedia burde læra av dei vitskaplege tidsskrifta? Like så gjerne som at ein der tydeleg markerer kva som er fagfellevurdert, kunne vi som lesarar godt krevja at både papir- og nettmedia er tydelege på kva stoff som er journalistisk behand­la og redaksjonelt vurdert.

Han er også ein tur innom redaktørrolla, og meiner at sjefredaktørane i dag snakkar meir som direktørar enn som redaktørar. Rolla til redaktørane som samfunnsdebattantar og meiningsberarar ser no ut til å vera fylt av kommentatorane. Desse meiner Sjue med få, namngitte unntak skapar mislyd og disharmoni i debatten. Han dreg fram seks namn, som eg ikkje skal røpa her. Eg er samd med han i valet av desse, men eg ville nok hatt med ein handfull eller to til.

Innleiingsvis dreg forfattaren opp ein debatt som han ikkje set heilt i mål i dette essayet. Han peikar på at det er to sentrale krav til det journalistikken skal halda på med. Det skal vera vesentleg og det skal vera sant (s.11). Litt seinare (s.19) peikar han på at journalistikken ikkje kan vera ”objektiv”. Kanskje idealet ikkje kan eller bør vera sanning, men at journalistikken skal vera systematisk sanningssøkjande?

Han peikar på vaktbikkje­idealet til media, og seier at slike dyr skal skapa lurveleven når det skjer noko trugande, noko gale. Men dei av oss som kjem frå bygde-Noreg veit at dagens vaktbikkjer betre kunne vore kalla gneldrebikkjer. Sjue har ein tanke om at profesjonsfellesskapet sjølv må bli betre til å gå aktivt ut og beklaga eigne mistak.

Var det så betre før då? Ikkje nødvendigvis i følgje dette essayet. Men likevel er stoda slik at noko må gjerast. Difor er det rett at forfattaren skriv for fagfellene sine. Og det er gildt at han deler analysen sin med oss andre.

Geir Sverre Braut
Statens
helsetilsyn

Del gjerne!

Legg inn en kommentar