Geir Sverre Braut
Geir Sverre Braut er fast anmelder i Journalen.
Publisert i %1$s Anmeldelse

Godt om medisinens grunnlag

Skribent person Geir Sverre Braut   date_range Publisert 9.12.2018, oppdatert 12.12.2018
DAG UNDLIEN
DINE GENIALE GENER
Fortellingen om arvematerialet vårt og tidenes største medisinske revolusjon.
J.M. Stenersens Forlag AS, 2018
ISBN 978-82-7201-651-6
178 sider, NOK 379,-
TROND F. AARRE
EN MINDRE MEDISINSK PSYKIATRI
Universitetsforlaget, 2018
ISBN 978-82-15-03070-8
200 sider, NOK 399,-

Bokbransjen har nyleg gitt uttrykk for at vi går dårlegare tider i møte når det gjeld sakprosa. Det er snakk om store kutt i talet på utgivingar (1). Dette skjer samstundes med at kvaliteten på mykje av det som blir utgitt av sakprosa her i landet knapt har vore høgare nokon gong. Sjølv om marknaden samla sett er under press frå digitale media, har mange bøker i dette litteratursegmentet likevel blitt reine «kioskveltarar». Populærvitskaplege tekstar har vist seg å vere svært så populære (2). Mange av desse bøkene har spenstige titlar som nok kan pirre til kjøp.

I medisinske kretsar bør det vere grunn til å merke seg at mange av dei mest selde bøkene er skrivne av legar. Det er å glede seg over at dette skjer trass i at slike skrifter ikkje gir særleg stor utteljing i akademiske samanhengar. Jamt over har innhaldet eit solid ankerfeste i trygg fagkunnskap.

Det gjeld også dei to bøkene som skal kommenterast her. Den første, om geniale gener, er rekna på eit allment publikum, den andre, om psykiatri, er retta meir inn mot særleg interesserte fagfolk, pasientar, pårørande og ikkje minst folkevalde. Den første handlar om ein revolusjon som er i gang. Den andre gir signal om store endringar som kan kome ganske snart. Begge rokkar ved grunnfjellet som dagens kliniske praksis byggjer på.

Ferskvare
Bøker om genetikk er for tida å sjå på som ferskvare. Kunnskapen utviklar seg ikkje berre frå år til år, men frå månad til månad.

Dag Undlien har gode føresetnader for å fange opp det som skjer gjennom sitt arbeid som professor i genetikk ved Universitetet i Oslo. I boka som han nettopp har kome med, viser han at han også kan presentere innfløkt fagstoff i ei språkdrakt som folk flest kan forstå.

Det er ein fryd å lese seg gjennom dei mange kasuistiske forteljingane i teksten og samstundes få styrkt kunnskapen om grunnleggjande genetikk. Boka har tre overordna delar. Den første har som gjennomgåande bodskap at genomet nok er meir dynamisk enn det dei fleste av oss lærte då vi studerte medisin.

Andre delen handlar om genteknologi. Her balanserer Undlien fint mellom optimisme og frykt for det nye. Moteord, som CRISPR, er godt forklarte. Kanskje kunne han ha skrive litt meir om nyansane mellom genmodifisering og genredigering? Men det er meir ei filologisk enn ei genetisk utfordring.

Eit kapittel om epigenetikk er etter mi vurdering noko av det beste som er skrive om dette på norsk.

I siste delen drøftar forfattaren framtida. Han trekkjer fram ulike utviklingstrekk som truleg vil påverke klinisk arbeid i stor grad. Her koplar han utviklinga av den genetiske kunnskapen opp mot andre teknologiske nyvinningar og den allmenne samfunns-utviklinga. Det overordna stikkordet kan gjerne få vere persontilpassa medisin.

Boka er jamt over prega av det eg vil kalle ein nøktern optimisme. Eit kapittel på nær 20 sider om epigenetikk er etter mi vurdering noko av det beste som er skrive om dette på norsk.

Det er godt å lese tekstar der djup fagkunnskap blir nært kopla til ei forståing av det samfunnet kunnskapen skal brukast i. Berre ein litt plagsam detalj: På første sida i forordet må det vere ein lei trykkfeil. Det var ikkje i 1958 at Watson og Crick presenterte korleis DNA-molekylet såg ut. Det var fem år tidlegare (3). Heldigvis pregar dette på ingen som helst måte resten av boka. Og så må eg skunde meg å leggje til at boka både har stikkordregister og ei grei litteraturliste.

Har markert seg
Trond Aarre har i ei årrekkje vore psykiater i Nordfjord. Han har markert seg både ved føredrag og i skrift som ein ihuga talsmann for endringar i tenestetilbodet til menneske med psykisk sjukdom (4). No er han ute med ei vidareføring av drøftingane han drog opp i boka si frå 2010.

Sjølv om boka har folk med interesse for psykiatri som målgruppe, er det mykje her som også kan sjåast i lys av medisinens overordna teoretiske grunnlag. Tidleg i teksten gir han som ei slags programfråsegn at boka må lesast som eit forsvar for tvilen. Tvilen han siktar til handlar om vi er i stand til å presentere gyldige modellar for korleis ein skal oppfatte det vi kallar psykisk sjukdom. Alt i forordet kjem hovudbodskapen hans om at psykiatrisk praksis byggjer på eit skjørt fundament.

Psykiatrien er kanskje den spesialiteten der den medisinske forståinga blir sterkast utfordra av kunnskap frå andre fagfelt, ikkje minst då psykologi og samfunnsfag. Dei psykiske plagene kan ikkje berre forklårast og forståast ut frå forhold som gjeld individet. Dei må også sjåast i eit samfunns- og nettverksperspektiv. Trass i ulike forsøk på å møte eit slik samansett årsaksbilete i dei nyare diagnosesystema, meiner forfattaren at diagnose-iveren i psykiatrien ikkje er til pasientens beste.

Om det amerikanske diagnosesystemet, som også har påverka europeisk psykiatri, hevdar han at ein systematisk og bevisst har ofra gyldigheit for å gjere diagnosane meir pålitelege (side 74). Diagnosane er ugyldige fordi dei karakteriserer grupperingar av symptom (syndrom) meir enn dei seier noko om sjukdommens grunnleggjande eigenskapar hos den einskilde.

Som eit alternativ til den diagnostiske tilnærminga trekkjer Aarre fram kriminologen Nils Christies forslag om heller å skrive noveller om personane enn å prøve å kategorisere dei i meir eller mindre tydelege grupper.

Aarre argumenterer mot den auka bruken av standardar og algoritmar i psykiatrisk praksis. Han stiller også spørsmål ved profesjonanes særstilling i dei psykiatriske tenestene. Han meiner at dette i stor grad er uttrykk for makt. Likevel utfordrar han i og for seg ikkje den profesjonelle kompetansen. Han problematiserer eineretten til, og rekkjeidda av, den rådande fagkunnskapen. I siste kapitlet fremjar han ei rekkje konkrete synspunkt på kva som ein på kort sikt kan gjere for å kompensere for det skjøre grunnlaget som han meiner å påvise.

Innanfor både norsk og internasjonal psykiatri vil det vere ganske så delte meiningar om dei emna som Aarre trekkjer opp. Det er ein viktig debatt. Både det som skjer i profesjonane sine faglege kretsar og dei spørsmåla som blir stilte av pasientar, pårørande og folk flest, tyder på at tida for «normalvitskap» innanfor dagens psykiatri er forbi og at vi kan møte det som Thomas Kuhn kalla ein vitskapleg revolusjon (5). Det er den type revolusjon som er i gang i genetikken. Det er liten grunn til å tru at den ikkje også vil rulle inn over andre medisinske fagfelt litt om senn.

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og utredningsleder i Statens helsetilsyn.
Litteratur
1. Martincic J, Tollefsen JT. Alarmbjellene ringer. Klassekampen, 20. november 2018, 25-26.
2. Christiansen H. Hva er det med titler som Gleden med skjeden og Manus om anus som gjør at folk løper og kjøper. A-magasinet, 23. november 2018, 44-48.
3. Watson JD, Crick FHC. A structure for deoxyribose nucleic acid. Nature 1953; 171: 737–738.
4. Aarre TF. Manifest for psykisk helsevern. Oslo: Universitetsforlaget, 2010.
5. Kuhn TS. Vitenskapelige revolusjoners struktur. Oslo: Bokklubben, 2007.

Del gjerne!

Legg inn en kommentar