Publisert i %1$s Anmeldelse

– Godt grep om interessekonfliktar

Boka viser godt at det er meir å hente når det handlar om å utvikle transparens i akademisk verksemd. Kjennskap til kven som har betalt for forskinga, er berre ein av parametrane i denne leiken, skriv vår faste anmeldar.

Skribent person Geir Sverre Braut   date_range Publisert 25.4.2019

Denne boka er stappfull av godt stoff for ein som har levd størsteparten av livet med det eine beinet i tenesteyting og forvaltning, det andre i undervisning og fagutvikling. Boka er ei samling av fritt­ståande tekstar om interessekonfliktar i forsking, nett slik som tittelen seier. Sjølv om utgangspunktet er naturvitskapleg forsking, innanfor verksemdsområdet til Den nasjonale komité for naturvitskap og teknologi, er det nok av stoff som bør vere av interesse også for legar som forskar.

Helene Ingierd, Ingrid
Bay-Larsen og Kjellrun Hiis
Interessekonflikter i ­forskning
Cappelen Damm Akademisk, 2019
ISBN: 978-82-02-63748-4
257 sider*

Trass i at boka er ein antologi, er det lite sprik mellom dei ulike tekstane. Det verkar som redaksjonen har hatt eit godt grep om prosjektet. Boka har ein tydeleg «raud tråd», der det teoretiske utgangspunktet kan finnast hjå solide vitskapsteoretikarar som Robert Merton og Knut Erik Tranøy. Det er gildt å sjå at god filosofisk vitskap har stor slite­styrke, og står trygt i møte med nye tider.

I kapittel 1 går forfattarane rett på sak og set tonen for resten av boka. Dei ser nærare på Mertons prinsipp om at forskarane skal vere interesselause, altså utan eigennytte av det ein finn fram til. I vår tid kan dette kravet forståast slik at ein skal vere saks­orientert, meir enn fagorientert. Open tilgang gjer at du finn kapittel etter kapittel med eit par tastetrykk på datamaskina.

I samsvar med krava i tida, er dei fleste kapitla fagfellevurderte. Dei tre kapitla (sjå forordet) som ikkje er det, er på ingen som helst måte mindre leseverdige. Rett nok er dei jamt over mindre teoriforankra, og ber meir preg av meiningsytringar, enn dei andre kapitla. Men når det er sagt; dette er kloke ytringar som er minst like kunnskapsformidlande som dei andre tekstane i antologien.

Tema som sannferd (sannhet), uvisse (usikker­heit), risiko og skjønn er trekte fram i mange av artiklane i boka. Likevel er det ikkje gitt noko djupare drøfting av desse forholda i tekstane. Det saknar eg. På mange måtar er det i forståinga av desse omgrepa og fenomena at ein må ta stilling til kva som er gyldig kunnskap for konkrete handlingar i møte med einskildmenneske og samfunnet. «Før-var-prinsippet», som også er omtala i boka, er på sett og vis den administrative og politiske samansmeltinga av desse fenomena, altså i og for seg ikkje ein vitskapleg verdi i seg sjølv. 

I møte med bioteknologiske utfordringar burde dette gjerne problematiserast vidare. Tekstane i boka manglar jamt over eit syn på om det er ei bakside ved å tileigna seg ny kunnskap. Sagt med ein gammal­testamentleg allegori: Kva kostar det å eta av kunnskapens tre?

På nokre område strevar naturvitskapen tydelegvis med saker som medisinen har lagt bak seg, eller i alle fall har eit forhold til, nemleg forsking på eiga verksemd. Medisinen har truleg også eit noko meir avklart forhold til ekstern finansiering enn det eg får inntrykk av at oppdragsforsking innanfor naturfaga elles har. Men medisinsk forsking er dessverre ikkje eit tema i denne boka. Ulikskapar i synet på interessekonfliktar innanfor medisin, naturfag, samfunnsfag og humaniora kan kanskje vere tema for ei ny bok?

Medias rolle som formidlar av forskingsbasert kunnskap, er kommentert i fleire av artiklane. Men media si rolle med å skaffe fram ny kunnskap, er ikkje omtala. Dette kunne også vere tema for ein eigen analyse. I boka blir fri tilgang til kjelder fremja som eit kriterium for god forsking. Prinsipielt kjekt og greitt. Men dette er det gode grunnar til å dvele med i medisinen for tida. Det er tankevekkjande at VG kan publisere data om tvangsbruk, og NRK kan presentere detaljar om sjølvmord i psykiatrien, på eit langt meir detaljert nivå enn det som ein vanlegvis vil få godtatt som etisk forsvarleg forsking.

Dersom ein berre vil «plukklese» i boka, tykkjer eg at kapittel 6 om «den menneske­skapte iskanten» stiller seg godt fram. Eg er slett ikkje samd i alt som er skrive, men her ser ein svært så tydeleg utfordringane ein har med å få vitskapsbasert kunnskap inn i forvaltning og tenesteyting.

Når feilplukkaren er på ferde, finn ein sjølvsagt noko. Referansen til (den elles så utmerkte) teksten av medisinaren Rørtveit på side 35, er ikkje å oppdrive i litteratur­lista. Og på side 117 skal det nok vere Nydal i staden for Nybø.

Og kva sit eg så att med etter lesinga? Kva som er kriteria for sanning kan diskuterast, uavhengigheit er problematisk, uvisse, risiko og skjønn er uforpliktande følgjesveinar. Her vil ulike fag ha ulike perspektiv på kva som er vitskapleg. Men viljen til å vere open står seg som allmenn vitskapleg verdi. 

Boka viser godt at det er meir å hente når det handlar om å utvikle transparens i akademisk verksemd. Kjennskap til kven som har betalt for forskinga, er berre ein av parametrane i denne leiken.

*Boken leser du gratis her.

Foto av Geir Sverre Braut

Geir Sverre Braut er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og utredningsleder i Statens helsetilsyn.

Del gjerne!

Legg inn en kommentar