Geir Sverre Braut
Geir Sverre Braut er fast anmelder i Journalen.
Publisert i %1$s Anmeldelse

Fysisk aktivitet for kropp og sjel

 date_range Publisert 8.10.2018
OLE PETTER HJELLE
STERK HJERNE MED
AKTIV KROPP
Kagge Forlag AS, 2018
ISBN 978-82-489-2228-5
215 sider, ill., NOK 399,-

Eg er tydelegvis noko fordomsfull når det gjeld bokomslag. Om det berre hadde vore for førsteinntrykket i bokhandlarhylla, hadde eg knapt lagt merke til denne boka. Ytre sett føyer ho seg godt inn i mengda av helseopplysnings- og sjølvhjelpsbøker. Det er kanskje også meininga til forlaget. Når ein har lese ein del av desse, kan ein lett bli skuffa over at kvaliteten er ganske varierande vurdert ut frå medisinske kriteria.

Men når det gjeld denne boka, skal ein ikkje la seg lura av den noko enkle framsida. Dette er ein tekst som står støtt plassert i medisinsk fagkunnskap. Boka kan gjerne få vera enno eit eksempel på kor bra helseopplysing kan bli når det faglege grunnlaget er godt. Heldigvis byrjar vi å få ein del slike bøker no, både her i landet og internasjonalt. All ære til dei legane som tar seg tid til å gå laus på slike skriveprosjekt, som ikkje gir særleg mykje akademisk utteljing og stort sett heller ikkje er noko å bli rik på.

Når det gjeld denne boka, skal ein ikkje la seg lura av den noko enkle framsida

Forfattaren sitt prosjekt er å argumentera for bruken av fysisk aktivitet som verkemiddel i medisinsk praksis. Han ønskjer å visa at det ikkje berre er musklar, skjelett og sirkulasjon som har nytte av ein slik intervensjon. Hjernen må ikkje gløymast som målorgan. Innleiingsvis argumenterer han for at fysisk aktivitet kan vera meir effektivt for å utvikla og bevara minnet enn tradisjonell «hjernetrim» av meir kognitiv art. Vidare ser han på aldringsprosessar, demensutvikling, depresjonar og hyperaktivitets-utfordringar. Han lukkast godt i argumentasjonen sin overfor meg i alle fall. I og for seg ikkje så mykje direkte nytt, tykkjer eg. Men den logiske heilskapen han framstiller dette i, gjer at eg ser samanhengar som eg ikkje har sett før.

Lett å finne fram til kjeldene
Boka har gode kjeldetilvisingar. Dei er plasserte til slutt, men ordna kapittelvis og i samsvar med bruken av dei i teksten. Det gjer at det er lett å finna fram til kjeldene for dei ulike opplysningane som lesaren blir presentert for. Det handlar i stor grad om informasjon publisert i velrenommerte tidsskrift. Det styrkjer truverdet med boka. Delvis byggjer forfattaren på systematiske analysar, delvis på primærkjelder. Om eg skal vera litt kritisk her, kunne eg tenkt meg nokre ord om korleis dei ulike kjeldene er valde ut, og også om det er vesentlege kjelder, kanskje med motstridande informasjon, som er utelatne. Men det er kanskje vel mykje å forlanga i ei bok som dette.

Teksten er lettlesen. Nokre stader tykkjer eg at den er litt prega av gjentakingar, men det er slett ikkje plagsamt. Ordbruken er konkret og nøyaktig når det gjeld medisinsk terminologi. Norske ord er jamt over brukte der det er mulig. Det er godt å lesa ein presist utforma fagtekst der det norske språket blir brukt på ein bevisst måte.

Det handlar i stor grad om informasjon publisert i velrenommerte tidsskrift

Det er berre ein handfull illustrasjonar i boka. Sjølv om det er strekteikningar, gjer dei seg godt, og eg kunne tenkt meg meir av slike.

Dei anatomiske og nevrofysiologiske forklåringane som forfattaren kjem med, er slik at dei både kan vera ein god repetisjon for legar som meg, som har denne delen av medisinen noko på avstand, og likevel tena som ei grei innføring i eit ganske komplekst felt for folk flest. Kanskje kunne noko av dette stoffet vore presentert i faktaboksar? Det hadde styrkt etterbruken av boka som oppslagsbok.

Personkarakteristikkar er gjennomgåande brukte i boka. Det gjer at teksten blir levande. Mange av desse er ganske detaljerte. Då undrar formalisten i meg litt på i kor stor grad dei er anonymiserte. Ein kort omtale av korleis forfattaren har kombinert teieplikta si som lege med bruken av så pass frodige biografiar, tykkjer eg hadde vore på sin plass, til dømes i takkseiinga til slutt.

Tydelig ankerfeste i nevrovitenskap
Boka har eit tydeleg ankerfeste i nevrovitskapen. Det er bokas sterke side. Men der ligg det også ei utfordring i vår tid; kanskje noko som kan følgjast opp i ei seinare bok frå forfattaren? Nevrobiologien kan ikkje sjåast isolert. Kor står spelet om fysisk aktivitet og hjernen i lys av genetisk kunnskap? Stikkord: Epigenetikk og demetylering (påverknad av arvestoffet utan endringar i DNA-sekvensen). Og korleis oppfører hjernen seg under påverknad av det medfødde immunsystemet, som slett ikkje er utan samspel med aktivitetsnivået vårt?

Vel, dette er litt «brusing med fjøra» frå bokmeldaren si side. Dei store utfordringane ligg i det som forfattaren drøftar mot slutten, nemleg korleis vi kan omsetja denne solide kunnskapen i klinisk praksis. Han sjølv har vist at det er mogeleg i sitt eige arbeid som fastlege. Men til dømes erfaringane med «grøn resept»-initiativet frå helsestyremaktene for ein del år sidan, viser at dei strukturelle hindra ligg på rekkje og rad. Ein resept på eit tradisjonelt lækjemiddel er så mykje enklare enn å trekkja med seg pasientane ut på ein gåtur.

Forfatteren melder at alle omtalte personer har gitt skriftlig samtykke til at historiene deres brukes. I tillegg, er navnene endret (for anonymisering) i alle tilfelle, bortsett fra ett, hvor personen ønsket at navnet hans skulle brukes. Hjelle opplyser at det vil bli opplyst om dette i takkedelen i neste utgave. Den var under utarbeidelse da anmeldelsen ble trykket.

 

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og utredningsleder i Statens helsetilsyn.

Del gjerne!

Legg inn en kommentar