Publisert i %1$s Anmeldelse

Faenskap i teori og praksis

I følgje baksideteksten er målet med denne boka å gjera oss betre rusta til å forklåra og å motverka vondskap. Dette er ei programfråsegn som treff ein samfunnsmedisinar godt ved hjarterøtene, meiner anmeldar Geir Sverre Braut.

 date_range Publisert 21.12.2014

ARNE JOHAN VETLESEN STUDIER I ONDSKAP Universitetsforlaget, 2014. ISBN 9788215023380 Kr. 269,-
ARNE JOHAN VETLESEN
STUDIER I ONDSKAP
Universitetsforlaget, 2014.
ISBN 9788215023380
Kr. 269,-

Vetlesen ser på vondskap som eit fenomen der nokon med vitande og vilje påfører andre smerte og liding. Såleis er vondskap vel kjent for legar. Den ytrar seg på ulike måtar i mange kliniske samanhengar.

Då eg etter embetseksamen og turnusteneste fekk autorisasjon som lege, kjende eg at eg var rimeleg godt rusta til å møta dei vanlege problema som folk kom med på allmennlegekontoret. Eg handterte dei rimeleg greitt. Men det var likevel så mykje eg ikkje forsto og ikkje kunne forklåra. Nokre gonger kunne eg støtta meg på biologiske og farmakologiske teoriar og modellar. Men jammen var det mykje som ikkje kunne forklårast ut frå det eg hadde lært i studiet.

Faenskap var ein av desse tinga. Tilsynelatande umotiverte valdshandlingar kunne ofte (bort)forklårast med rus. Ein gong i blant dukka det opp ein person som var klårt psykotisk. Då fall forklåringa til den systematiske mishandlinga av gamle foreldre liksom litt på plass. Men kva med den ytre sett velfungerande familien der eg hadde ei kjensle av at eit av barna sleit? Nei, det var ikkje fysisk vald. Det var noko anna. Det var noko som eg ikkje greidde å setja ord på.

Desse orda og tankemåtane er det Vetlesen syslar med i denne boka. Dette er godt argumentert filosofi om livets vrangside. For legar er mykje av dette noko som burde vera propedeutisk klinisk kunnskap. Legar kjem ikkje utanom å vera blant dei som både først og oftast møter menneske som presenterer seg med vondsida ut.

Boka inneheld seks tekstar som heng godt saman, men som også kan lesast kvar for seg. Dei er ikkje altfor lettlesne, men når ein først kjem inn i skrivemåten, blir ein fort fanga av det konkrete og eksakte språket. Dei teoretiske analysane heng godt saman med det empiriske grunnlaget.

Boka formidlar vondskap som noko som sikkert ofte kan sjåast i eit kollektivt perspektiv, men som også er ein individuell eigenskap. Denne eigenskapen ligg nær grunnfjellet, for ikkje å seia midt i grunnforteljingane, om kva det er å vera menneske. Vondskapen blir ofte ytra som rettmessig åtferd. Slik blir skiljet mellom kven som «ofrar seg» og kven som er «offer» uinteressant, for vondskapens kjelde kan gjerne vera eit sært syn på kva som er til samfunnets eller folkets beste.

Tekstane dreg vondskapen ut frå dei skjulte romma i mennesket og gjer den allmennmenneskeleg. Vondskapen får eit dynamisk perspektiv som gjer at den blir vanskeleg å fanga av medisinske augneblinksdiagnosar. To av tekst-ane gav meg personleg særleg mykje å tenkja på. Den eine handlar om det kan vera rett å bera nag, og den andre stiller spørsmålet om det kan vera moralsk galt å tilgje. Desse to åleine er boka verd.

Tolkinga mi etter lesinga kan godt delast i to: Vondskap er ein funksjon av korleis vi som einskildmenneske og som grupper er i stand til å møta negative og vanskelege erfaringar, og at ein vesentleg mekanisme i å handtera det vonde i oss sjølve og andre, er å akseptera det sårbare i mennesket.

GEIR SVERRE BRAUT Braut er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen Stord/Haugesund og har tidligere vært assisterende direktør i Statens helsetilsyn og fylkeslege i Rogaland.
GEIR SVERRE BRAUT
Braut er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus,
professor i helsefag ved Høgskulen Stord/Haugesund og har tidligere vært assisterende direktør i Statens helsetilsyn og fylkeslege i Rogaland.

 

 

 

 

Del gjerne!

Legg inn en kommentar