Publisert i %1$s Anmeldelse

Eit læreskrift for påståelege (menn)

 date_range Publisert 26.6.2019

Det er sikkert mulig å diskutere kva slag bok dette er. Det biografiske preget er tydeleg, men minst like påtakeleg er det historiefaglege innhaldet. Det handlar om profesjonshistorie, helsehistorie, sosialhistorie, politisk historie, kulturhistorie, men ikkje minst kvinnehistorie.

CECILIE ARENTZ-HANSEN
Kvinder med begavelse for lægevirksomhed Cappelen Damm, 2018 ISBN 978-82-02-50329-1 443 sider, rikt illustrert

Ho bryt med typiske biografiar ved at dette er ein kollektiv biografi. Det er historia om dei første 19 kvinnelege legane i Noreg, ei utdanna i København, dei andre i Kristiania, i tida mellom 1893 og 1900. Dei nøkterne biografiske faktaopp-lysingane om kvar og ein av dei, er samla i matriser til slutt i boka. Gjennom teksten blir forteljingar og fakta om desse kvinnene kopla saman med ulikt anna kjeldemateriale for å byggje opp ei samanhengande framstilling om deira yrke som legar, og om dei forholda dei levde og arbeidde under. Det historiefaglege preget blir difor vel så tydeleg som det biografiske.

Forfattaren har gjort eit imponerande arbeid med å finne fram til spor etter desse legane i ulike arkiv. Men ikkje berre har ho jakta på spor etter hovudpersonane. Ho har også funne fram til eit vell av materiale om mange av deira samtidige kollegaer og andre personar som har stått dei nær. Teksten byggjer også på eit tjuetals intervju, og skriftlege kontaktar med nolevande personar som har noko å fortelje. Dessutan er det gitt i storleiksorden 150 referansar til ulike vitskaplege publikasjonar og andre trykte kjelder som er relevante for framstillinga.

Forteljingane om den motstanden desse kvinnene møtte, er ikkje overraskande. I boka her blir dei likevel ganske konkrete og detaljerte, og ikkje minst personifiserte. 

Etter mi vurdering er det ikkje noko å utsetje på kjeldetilvisingane gjennom teksten. Det er jamt over tydeleg kor forfattaren har henta grunnlaget sitt til den informasjonen som blir presentert. Tolkingane av informasjonen og samansetjinga av den til forteljingar, verkar også godt grunngitt, sjølv om eg nokre stader nok kunne ønskt meg ein noko meir tydeleg kjeldekritikk. Av og til har eg ei kjensle av at skriftlege kjelder blir oppfatta som uttrykk for ei sanning, utan at innhaldet treng grunngjevast ytterlegare. Men når det er sagt, er eg likevel imponert over den varsame språklege stilen forfattaren nyttar når det uvisse skal omtalast. Den «implisitte» kjeldekritikken er såleis vel så tydeleg som den «eksplisitte». Det er eit språkleg knep som gjer at teksten flyt lett og forfattarstemmen blir truverdig. Skiljet mellom fakta og vurderingar er dessutan lett å sjå.

Når det gjeld sjølve innhaldet, er det så mangfaldig at det er nyttelaust med eit referat i ei bokmelding. Forteljingane om den motstanden desse kvinnene møtte, er ikkje overraskande. I boka her blir dei likevel ganske konkrete og detaljerte, og ikkje minst personifiserte. 

Professor Kristian Brandt ved Rikshospitalet får i fleire samanhengar rolla som «antihelt». Kjeldematerialet for den rolla er grundig. Det ligg utanfor formålet med boka å prøve å etterspore tankane hans, sjølv om ein gjerne kan vere litt nysgjerrig på kva han eigentleg stod for. Var han opptatt av å motarbeide kvinner, eller var han ein tydeleg talsmann for eit system som ønskte å bevare seg sjølv?

Denne boka viser kor viktig det er i eit demokrati at ein i ettertid kan undersøkje og analysere også prosessar som berre kan studerast ved hjelp av ganske detaljerte personopplysningar.

Påvisinga av at desse kvinnelege legane ofte fann arbeidsoppgåvene der dei mannlege legane skygga banen, er også spennande. Kva var årsakene til det? Manglande høve til å klatre i dei eksisterande hierarkia, eller fordi dei såg behov som mennene ikkje hadde sett? Diskusjonen om dette, som blir trekt opp på side 159, kan gjerne førast vidare i eit eige arbeid.

Elles er det tankevekkjande å sjå at mønster frå nokre av fagdebattane ein hadde då, til dømes om prevensjon (s. 165) og lysing for ekteskap (s. 226), har grunntrekk som vi kan kjenne att frå notidas brennande utfordringar innanfor genetikk og bioteknologi. Sjølv om kjønn er eit fundamentalt skilje i slike samanhengar, er det også mulig å finne kompliserande skiljeliner, då som no, som handlar om samfunnssyn og livssyn.

Sjølv om desse kvinnene formelt sett hadde kvalifisert seg til det som då var grunnlaget for å få dei høgaste embeta i landet, måtte ein like fram til 1913 før ei kvinne blei fast tilsett som distriktslege. Året etter oppnådde den første kvinnelege medisinaren doktorgrad. Men først i 1970 blei den sjette doktorgraden avlagt av ei kvinne i faget vårt, og i 1972 blei den første kvinna utnemnd som professor i medisin. Dersom nokon er i tvil om at politisk kamp er nødvendig når ein skal oppnå likeverd og rettferd, er dette ei aktuell bok å lese.

Det er eit solid verk som vil tene formålet sitt i årevis framover.

I desse tider, når personopplysingar blir skjerma av lovkrav så det held, kan vi kanskje undre oss over at det er mulig å finne fram til så mykje om enkeltpersonar som forfattaren har kunna gjere seg nytte av som her. Vil det vere mulig i framtida? Heldigvis trur eg svaret på det er ja. Personopplysings-lovgjevinga gjeld i utgangspunktet berre så lenge vi lever. I forslaget til ny forvaltningslov, er det lagt inn som hovudregel at lovpålagt teieplikt i forvaltninga fell bort når den personen opplysningane gjeld har vore død i 20 år (1). Denne boka viser kor viktig det er i eit demokrati at ein i ettertid kan undersøkje og analysere også prosessar som berre kan studerast ved hjelp av ganske detaljerte personopplysningar. Det som er sjølvsagte påstandar i tida, vil lett kunne vere omtvista synspunkt få tiår seinare.

Noko å kritisere då? Teksten er lang, så lang at mange vil vegre seg for å ta fatt på lesinga. Den kunne kanskje vore noko kortare, utan at vesentlege data eller vurderingar hadde blitt borte. Men for den interesserte, er dette for ein bagatell å rekne. Det er eit solid verk som vil tene formålet sitt i årevis framover.

Referanse: NOU 2019:5. Ny forvaltningslov. Lov om saksbehandlingen i offentlig forvaltning (forvaltningsloven). Oslo: Justis- og beredskapsdepartementet.

Foto av Geir Sverre Braut
 

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og utredningsleder i Statens helsetilsyn.

Del gjerne!

Legg inn en kommentar