Publisert i %1$s Anmeldelse

Ei forteljing med godt driv

Denne boka føyer seg inn i ei interessant rekkje av bøker skrivne av unge akademikarar, skriv vår faste anmeldar, Geir Sverre Braut.

 date_range Publisert 17.12.2016, oppdatert 18.12.2016

Det er spennande at folk i starten av si vitskaplege karriere også tek mål av seg til å nå ut til folk flest med kunnskapen sin.

Både i utforming og opplegg minner boka litt om ein internasjonal storseljar, nemleg Sjarmen med tarmen av Giulia Enders. Det vil ikkje forundre meg om forlaget kan få selt denne boka på ein internasjonal marknad. Både temaet og kvaliteten på innhaldet bør kunne opne for det.

Kaja Nordengen er lege i spesialisering i nevrologi og med ein doktorgrad bak seg. Ho er ansvarleg for teksten, men har fått syster si, Guro Nordengen, til å forsyne teksten med oversiktlege og instruktive illustrasjonar. Figurane støttar fint opp under teksten. Det hadde ikkje gjort noko om det hadde vore fleire av dei. Ikkje minst for dei av oss som framleis likar tavleundervising, er det gildt å sjå at tydelege teikningar i svart-kvitt også i vår fargerike og tredimensjonale biletkultur har ein funksjon.

Nordengen har gjort seg stor flid med å bruke norske ord der det er mulig utan å la det gå ut over den faglege presisjonen. Setningane er enkle og likevel meiningsberande. Det er ikkje mykje fylltekst. Likevel er språkføringa lett og ledig. Folk utan anatomi- og fysiologikunnskap skal kunne fange opp det meste her.

Tematisk spenner boka ganske vidt. Hovudvekta er lagt på hjernen som eit biologisk fenomen. Stoffet som blir presentert, er godt grunngitt. Bak i boka er det haugevis med gode referansar knytte til alle kapitla. Heilt til slutt er det også ei stikkordliste med velvalde oppslagsord. Det einaste eg saknar er ein noko tydelegare struktur gjennom boka, men om ein tek seg tid til å lesa gjennom innhaldslista før ein startar lesinga er ikkje det noko stort sakn.

Lesaren blir teken med inn i ei samanhengande forteljing som startar med korleis hjernen har utvikla seg i eit evolusjons-perspektiv. Biologiske forhold blir vidare knytte opp til psykologiske og sosiale fenomen som personlegdom, minne og læring, emosjonar og intelligens. Vidare lar forfattaren oss få nokre smakebitar på samanhengen mellom hjernen og kulturelle forhold. Til slutt tek ho oss med på ei tenking om spennet mellom røyndom og persepsjon. Teksten er knalltrygg når det gjeld dei tradisjonelle nevrovitskaplege emna, som til dømes læring. Det teoretiske stoffet er godt krydra med daglegdagse eksempel og erfaringar frå klinisk praksis.

Teksten er på ingen som helst måte svak når det handlar om dei meir filosofiske funderingane heller, men her trur eg faktisk at forfattaren kunne ha gitt endå meir av sine eigne vurderingar tilkjenne. Særleg skulle eg ha ønskt meg at ho i det siste kapitlet om vegen vidare hadde våga seg ut på noko meir utrygt vatn med å spinne tankar om kor dei neste gjennombrota kan kome. Ho har tydelegvis stor respekt for evidens. Ære vere henne for det. Men det hadde vore veldig moro å få hennar saklege og grunngitte tankar om det snart kan vere ein realitet at vi gjennom elektrofysiologisk, biokjemisk og biletdiagnostisk kunnskap og teknologi kunne finne ut kva den kvite og den svarte kaninen i bura på trappa eigentleg tenkte om kvarandre, eller om meg, når eg stikk ei gulrot inn til kvar av dei før natta. Kanskje det faktisk er eit fornøgd, lite smil som eg tykkjer eg kan sjå?

Boka bør vere godt eigna som julegåvekjøp i siste svingen for dei som ikkje har fått gjort unna det enno.

Foto av Geir Sverre BrautGEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen Stord/Haugesund og har tidligere vært assisterende direktør i Statens helsetilsyn og fylkeslege i Rogaland.

 


Kaja Nordengen
Hjernen er stjernen. Ditt eneste uerstattelige organ.
Kagge Forlag AS, 2016
207 s, ill. innb. NOK 399,-
ISBN 9788248918776

Del gjerne!

Legg inn en kommentar