Publisert i %1$s Anmeldelse

Ei julegåve i siste liten?

 date_range Publisert 17.12.2019

ANTOLOGI
BLOD OG BEIN. LIDELSE, LINDRING OG BEHANDLING I NORSK MEDISINHISTORIE
Nasjonalbiblioteket, 2019
ISBN 978-82-7965-386-8
221 sider, rikt illustrert, og 
flott typografi
NOK 299,-

Dersom ein skulle ha lyst på litt medisinsk fagstoff, utan at ein skal sjå på det som arbeid, er denne boka noko å tenkje på. Det er ei typisk «godbok» som ein kan setje seg ned med, saman med ein kopp kaffi eller noko anna som ein ønskjer å kose seg med, ein romjulsdag eller ein kald vinterkveld.

Boka har 14 ganske så ulike tekstar, både i struktur og skrivestil. Nokre av bidraga har ei analytisk, vitskapleg tilnærming. I andre kapittel dominerer dei individuelle forteljingane og dei personlege perspektiva. Men det tykkjer eg ikkje gjer så mykje i ei bok som dette. Tekstane er jamt over velskrivne og lettlesne, i alle fall for folk med eit visst grunnlag i medisinsk fagspråk. Eg må medgi at eg blei riven med, slik at eg ikkje makta å leggje boka frå meg før ho var utlesen. Sjangervariasjonen plaga ikkje meg.

Til saman er det 16 forfattarar bak artiklane i boka. Dei fleste er medisinarar. To historikarar og ein litteraturkritikar og forfattar, er også med på laget. Eg ser ikkje heilt den redaksjonelle tråden. Det verkar som om forfattarane har hatt ganske stor fridom til å utvikle tekstane slik dei sjølv ønskjer. Dette gjer at det er vanskeleg å måle tekstane opp mot kvarandre. Men dei aller fleste kapitla støttar seg på arkivmateriale og bilete frå eldre bøker og tidsskrift. Det er vel kanskje derfor at Nasjonalbiblioteket står som utgivar av boka?

Alle kapitla speglar notida mot fortida på ein direkte eller indirekte måte. Kvar for seg og samla sett viser dei kor viktig det er at vi tar vare på detaljert og individbasert informasjon for framtida. Ein ting er å samle på informasjonen av omsyn til dei involverte personane. Ein annan ting, og i det lange løpet mykje viktigare, er å opne opp for og bruke slike opplysingar til å reflektere rundt det vi gjer no, i lys av fortidas menneskesyn, samfunnsbilete og fagkunnskap.

Med eit så variert innhald, vil det vere fullstendig umogeleg å kommentere kvart og eitt kapittel i denne bokmeldinga. Eg skal difor nøye meg med eit par merknader med grunnlag i dei tre kapitla som ikkje er skrivne av medisinarar.

Historikaren Bjørn Godøy skriv om lepra. Der presenterer han i tekst og bilete pasienten Nils Sætre. Om han hadde levd i dag, ville alt dette vore underlagt teieplikta. Då bør ein også ha ein tanke rundt kva som gjer at det er forsvarleg å trekkje dette fram på nytt i vår tid. Lovgrunnlaget er der. Og for meg er det også etisk forsvarleg. Les kva Godøy skriv: «Sætres ansikt representerte et historisk traume nordmenn ønsket å glemme. Det stirret inn i en fremtid Sætre visste var like håpløs som livet hans hadde vært så langt. For en spedalsk fantes ingen drøm om familielykke, ingen forventning om å bli akseptert. De skulle forbli bortgjemt til sin død.» I lys av dette er det grunn til å snakke om kven som går rundt som «spedalske» blant oss i dag? Ikkje minst no kring juletider, når alt skal vere så fint og godt.

Teieplikta er også tema for Espen Stueland. På sin underfundige og kasuistisk orienterte skrivemåte, gir han oss historia om teieplikta. Han nyttar ein medisinsk fagartikkel frå 1888, «Dr. Joachim Wieseners sygehistorie med sektionsfund», som ryggrad i framstillinga si. Dette sluttkapitlet viser godt korleis normene knytte til medisinsk arbeid utviklar seg i eit nært samspel med krava frå samtida.

Det første kapitlet i boka, var det som verkeleg trekte meg inn i teksten. Historikaren Aina Schiøtz gir der eit kort, men flott oversyn over dei lange linene i den medisinske historia. Om ein før har hatt problem med å sjå kor ulike personar og hendingar høyer heime langs tidslinja, vil Galenos, Vesalius, Harvey, Virchow og fleire andre falle godt på plass når ein har lese introduksjonskapitlet. Dersom denne korte teksten gir meirsmak, bør vegen gå vidare til Schiøtz’ gode bok om medisinsk historie som kom for to år sidan (1), og Uddenbergs storverk som blei utgitt på norsk i fjor (2).

Dette er forfattarane i antologien:

Aina Schiøtz, Gro Nylander, Anne Kveim Lie, Egil A. Fors, Finn Skårderud, Bjørn Godøy, Ellen Støkken Dahl, Hanne Nøkleby, Camilla Stoltenberg, Mina Adampour, Espen Dietrichs, Ragnar Stien, Wasim Zahid, Anne Spurkland, Preben Aavitsland, Espen Stueland.

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og utredningsleder i Statens helsetilsyn.

Referansar:

  • 1. Schiøtz, Aina. Viljen til liv. Medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid. Oslo: Samlaget, 2017.
  • 2. Uddenberg, Nils. Medisinens historie. Lidelse og helbredelse. Oslo: Dreyers forlag, 2018.

Del gjerne!

Legg inn en kommentar