Publisert i %1$s Anmeldelse

Dobbelt nysgjerrigheit, og vel så det

 date_range Publisert 10.3.2020
ANNA RØSSTAD
NATURENS SØNN. 
LEONARDO DA VINCI
Solum Bokvennen, 2019
ISBN 978-82-7488-982-8
179 sider, godt illustrert, og 
fin innbinding
NOK 323,-
ANNA RØSSTAD
NATURENS SØNN.
LEONARDO DA VINCI
Solum Bokvennen, 2019
ISBN 978-82-7488-982-8
179 sider, godt illustrert, og fin innbinding
NOK 323,-

Denne boka fanga interessa mi ganske umiddelbart då eg såg henne i hylla i bokhandelen. Leonardo er jo ein interessant person, men det er skrive mykje om han. Attpåtil tykkjer eg at eg veit ein del om livet og verksemda hans. Det var såleis ikkje nysgjerrigheit til han som trigga interessa mi. Hovudgrunnen til at eg tok fram boka, var nok at det var ei fin bok.

Solid innbinding; ei slik som toler å liggje i ryggsekken når ein er på farten. Det trong eg nett då. Men i og med at det i seg sjølv knapt er nokon aktverdig grunn til å kjøpe ei bok, blei eg ståande i tvil og bla i boka. Teksten flaut lett. Typografien og biletmaterialet stod i stil med teksten. Då blei eg fanga.

Forfattaren skriv på ein måte som innbyr til eiga tenking. Det er mange påstandar og hypotesar, men dei er fremja på ein måte som inviterer til ein slag dialog mellom forfattaren og lesaren. Men ikkje berre det, hovudpersonen Leonardo er også medverkande i denne «samtalen». Forfattaren stiller stadig spørsmål ved det Leonardo har tenkt og gjort. Dei svara som blir formidla, opnar opp for vidare refleksjon hos lesaren.

Dette er slett ikkje boka som viser «sanninga om Leonardo». Likevel framstiller teksten forteljingar som godt kan vere sanne. Her er det ikkje snakk om «alternative facts» eller «fake news». Utgangspunktet er knallharde fakta, nemleg Leonardos eigne produkt. Forfattaren nærmar seg eit titals maleri, set desse inn i ein samtidig kontekst og nyttar forteljaren sine kunstnargrep for å formidle kunnskapane og fortolkingane sine til lesaren.

Frå starten av gir forfattaren til kjenne sin eigen bakgrunn, si førforståing, på ein ganske så personleg måte, utan å verke påtrengjande. Deretter følgjer ein utfyllande minibiografi om Leonardo. Vekslinga mellom faktisk informasjon og tolkingar er tydeleg. Lesaren er ikkje i tvil om kva forfattaren ser på som faktum, og kva som er tolkingar. Her er det rett nok ganske sparsamt med kjeldetilvisingar. Det kunne eg ha ønskt meg meir av.

Den andre veikskapen ved teksten, er at vi finn ein del unødige gjentakingar. Såleis blir det til dømes «overkommunisert» at Leonardo ikkje ville akseptere noko som sant, før han sjølv hadde sett det med eigne augo.

For meg blei lesinga ein god og nødvendig «repetisjon» av grunnleggjande vitskapsteori.

Men legg desse to merknadene til side! Dei er for bagatellar å rekne. Dette er ein flott tekst. Den er eit vitnemål frå ein forfattar med stor nysgjerrigheit. Og Leo-nardo som forfattaren skriv om, er vel eit av dei mest nysgjerrige menneska historia har kjent. Og ikkje minst får teksten meg sjølv til å bli nysgjerrig, ikkje berre på Leonardo, men på korleis vi arbeider med å finne fram til sanning. Når det nysgjerrige byggjer på det nysgjerrige, nærmar det seg vitskap.

Stundom tenkjer vi at målet for forsking er å finne fram til sanning. Men vegen mot sanninga er slett ikkje rett fram og jamn. Langs den vegen er nysgjerrigheit ei dygd. Historia om Leonardo viser verdien av denne eigenskapen, trass i bindingane frå omgivnadene. Denne boka viser også korleis ein nysgjerrig forfattar i vår tid kan opna for nye forståingar og mulige tolkingar av fakta som er over eit halvt tusenår gamle.

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og utredningsleder i Statens helsetilsyn.

Interessa for multimodale tekstar, altså tekstar med ord og bilete, er stor i samtida vår. Kan det tenkjast at Leonardo framleis har noko å lære oss her? I pedagogikken snakkar vi stundom om læringshistorie, altså korleis kvar og ein av oss har lært. I denne boka avslører forfattaren ein del av si læringshistorie; og nysgjerrigheita står sentralt. Nokon kvar har litt å lære av det, vil eg tru. Verknadshistorie er eit omgrep som dei som arbeider med teologi og tekst-forsking kjenner godt til. Kanskje nokon kvar av oss som puslar med undervising og forsking burde tenkje meir over kva verknader arbeidet vårt har? Alt dette finn vi materiale om i denne boka.

For meg blei lesinga ein god og nødvendig «repetisjon» av grunnleggjande vitskaps-teori. Dei kvantitative elementa manglar, men dei fundamentale spørsmåla knytte til kva vi vel å ha tiltru til, er godt dekte.

Eg har ikkje nemnd noko om eit av gjennomgangsemna i boka, nemleg om Leonardo hadde dysleksi. Dei som er interesserte i det, kan finne stoff i ein artikkel som Røsstad har skrive i Tidsskriftet (1). Denne boka byggjer for ein stor del på eit arbeid som forfattaren tidlegare har utgitt på norsk og engelsk (2, 3).

Referansar:

Røsstad A. Leonardo da Vinci – dyslektiker og geni? Tidsskr Nor Lægeforen 2002; 122: 2887-90.

Røsstad A. Leonardo da Vinci. I gåtens form. Oslo: Solum, 1993.

Røsstad A. Leonardo da Vinci. The man and the mystery. Oslo: Solum, 1995.

Del gjerne!

Legg inn en kommentar