Publisert i %1$s Anmeldelse

Den evige stridsmannen

                Dei retoriske knepa i Per Fugelli si bok Vaksinen lever sitt eige liv, skriv bokanmelder Geir Sverre Braut. Han  savner ei nærare koplig mot robust teori.

 date_range Publisert 10.10.2016, oppdatert 18.12.2016

For alle dei som har følgt med i Per Fugelli sin forfattarskap sidan hundreårsskiftet har denne boka eit ganske forutseibart innhald. Ho er sett saman av fleire tekstar, skrivne til ulike tider gjennom omlag 15 år. Dei tekstane som er publiserte tidlegare, er samla i siste delen av boka under overskrifta «epidemien». Før dette kjem to korte innleiande kapittel, og ein lengre kommenterande tekst som er kalla «epikrisen». Strukturen har såleis visse likskapstrekk med ei vitskapleg avhandling, med ei kappe som kommenterer tekstar som er publiserte separat.

Som vanleg skriv Fugelli lett og ledig. Teksten er munnleg i forma. Leiken med ord får stort spelerom. Trepunktslistene, triadane, forenklar stoffet. Forfattaren
elskar å omskrive, parafrasere, både vitskapsfolk og politiske debattantar. Allegoriane, språkbileta, ligg på rekkje og rad. Sjølv om dette gjer at boka er lettlesen, medfører det også at det djupt alvorlege innhaldet får ei noko lettbeint innpakking.

Men dei retoriske knepa, som på mange måtar er typisk for Fugelli, lever sitt eige liv. Dette er særleg tydeleg i starten av boka der forfattaren koplar eit anfall av atrieflimmer til si uro over og manglande forståing av det han observerer i samtida. Han konkluderer: Men hjertet som er klokere sier Stopp! – og går i galopp. Dette er høgrisikoskriving, og fører sjølvsagt til at han støyter ein del lesarar frå seg. Men det er Fugelli klår over når han gjer sine skrivegrep. Irritasjonen som han skapar, trur eg at han ser på som ein nødvendig biverknad av den «vaksinen» som han marknadsfører.

Symptoma på epidemien som han omtalar, er særleg framandfrykt, rasisme og sjølvnøgde menneske. I epikrisen, analysen av epidemien, set Fugelli folkevettet som den mest vesentlege førebyggjande innsatsfaktoren. Han hevdar at den norske folkesjela er raus, når ho er trygg. Og den nødvendige tryggleiken føreset at folk sjølv kan koma fram med si uro, men ikkje minst sine idear om likeverd, tillit og rettferd som grunnsteinar i samfunnet som vi ønskjer oss.

Den første teksten i den andre delen av boka er opprinneleg skriven i 2003. Her er han innom ei rekkje teoretikarar som han nyttar som berebjelkar for analysen. Det er til dømes Gregory Batesons skismogeneseteori, Thomas Kuhns tenking om paradigmeskifte og Senecas idé om å forsone seg med dei menneskelege vilkåra. Fugelli spør seg om dette kan vere fornuftige tilnærmingar for å forstå kva som skjer også politisk i etterkant av hendingane 11. september 2001. Det er interessante koplingar han legg opp til her. I teksten frå 2003 blir dette rimelegvis berre ståande som spørsmål og opne tankar.

Som eit politisk kampskrift kan dette gjerne få stå som lause tankar. Men eg skulle ønskt meg at Fugelli hadde fanga opp desse trådane på ein tydeleg måte i drøftingane i «kappeteksten» (epikrisen) i denne boka. Det ville ha styrkt boka som akademisk tekst, og det ville ha vore spennande å lese ein oppdatert refleksjon om teoribaserte forklaringar frå det førre tiåret framleis hadde noko for seg. Utan ei nærare kopling mot robust teori, er det ikkje alltid like lett å sjå korleis den bastante kampen Fugelli fører for norske verdiar som likeverd og fridom skal balanserast mot den toleransen som han etterlyser.

Kanskje dette sitatet er kjernen i det fugelliske evangeliet: Norge kan godt leve med en kjedekollisjon mellom kulturer hvis vi besøker hverandres meningsrom og gudshus med nysgjerrighet. Da kan vi til og med utløse kraften og nyskapingen som følger av verdier i kamp – med ord.

Geir Sverre Braut Stavanger universitetssjukehus

AV GEIR SVERRE BRAUT. Braut er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitets-sjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen Stord/Haugesund og har tidligere vært assisterende direktør i Statens helsetilsyn og fylkeslege i Rogaland.

 

 

Per Fugelli
Vaksinen. Mot frykt, terror og rasisme
Oslo: Universitetsforlaget, 2016
ISBN 978-82-15-02729-6
NOK 299,-

Del gjerne!

Legg inn en kommentar