Fire barn døydde.
I perioden 1. juli 2012 til 31. juli 2015 fekk Meldeordninga for uønskte hendingar i spesialisthelsetenesta inn 18 meldingar som gjaldt gruppe B-streptokokkinfeksjon (GBS-infeksjon) i samband med svangerskap, fødsel og nyføddperioden. Fire barn døydde, i fem hendingar er det rapportert om betydeleg skade, medan ni barn ikkje hadde nokon eller moderat skade.
I ti hendingar var det avvik frå retningslinene. Avvika førte til at eit barn døydde, og at fire barn vart betydeleg skada.
I publikasjonen «Gruppe B-streptokokkar hos gravide og fødande – kan oppfølginga bli betre?» blir det peika på fleire område for forbetring:
- Dokumentasjon av risikofaktorar for GBS-infeksjon på helsekortet kan redusere risikoen for svikt ved at det blir gitt antibiotika til mor ved fødsel.
- Tilpassing av bemanning og tilgjengelege fødestover kan gjera det lettare å følge retningsliner. Høg arbeidsbelastning og konflikt mellom hasteoppgaver var beskrive som årsak til manglande oppfølging av mor og barn i seks av hendingane.
- Lokale prosedyrar med klare definisjonar av ansvarsforhold for oppfølging av kvinner og nyfødde med risikofaktorar for GBS-infeksjon, kan redusere risikoen for at retningsliner ikkje blir følgde.
- Nasjonale retningsliner kan vurderast med tanke på å implementere ny forsking og ekspertutsegner frå det internasjonale fagmiljøet.
Eli Saastad i Kunnskapssenteret understrekar at det er viktig å etterleve retningsliner for oppfølging av observasjon og behandling av gravide og nyfødde med risikofaktorar for å førebygge tidleg GBS-infeksjon.
– Vi håper at dette notatet kan bidra til konstruktive og gode faglege diskusjonar om betre trygg-leik for mor og barn som har auka risiko for GBS-infeksjon, seier forskaren i ein kommentar på kunnskapssenteret.no
To typer GBS-infeksjon.
- Det er to hovudtypar GBS – infeksjon i nyføddperioden:
lTidleg infeksjon («early onset disease») med symptomstart 0−7 dagar etter fødselen.
lSein infeksjon («late onset disease») med symptomstart 7 dagar−3 månader etter
fødselen.
Vanlegvis symptomfritt.
Kvinner som er smitta med gruppe B-streptokokker har vanlegvis ingen symptomar, men dei kan ha både symptomatisk og symptomfri urinveisinfeksjon, betennelse i livmorslimhinna eller den innerste fosterhinna og infeksjon dei 24 fyrste timane etter fødselen. Fødande har auka risiko for GBS-sjukdom.
KJELDER: FOLKEHELSEINSTITUTTET OG WWW.KUNNSKAPSSENTERET.NO.
RED./PHM