Publisert i %1$s Anmeldelse

Holistisk medisin på trygg vitskapleg grunn

                  Wasim Zahid skriv om kosthald og fysisk aktivitet så ein kvar med hjarte og hjerne i den offentlege norske helseopplysingspolitikken vil kjenna seg heime, skriver Geir Sverre Braut.

 date_range Publisert 22.3.2016, oppdatert 18.12.2016

Retorikken frå den tabloide pressa og alternativlitteraturen pregar både omslaget og innleiinga til denne boka. Det bør ikkje skremma dei av oss som trur vi er meir sakleg orienterte frå å lesa det som Wasim Zahid skriv. Gjennom fleire år har han vore ein aktiv formidlar av medisinsk kunnskap og helsefaglege refleksjonar i aviser og i bokform. Det han skriv er prega av ei sterk lyst til å ausa ut av den vitskapsbaserte medisinske kunnskapen som han har. Språkføringa er ukomplisert og trygg, og slett ikkje banal.

Medisinarar er ofte ivrige til å skriva, men i alt for liten grad skriv dei for folk flest. Og når dei skriv for allmugen, er det ikkje sjeldan at dei har ein meir eller mindre tydleg bodskap som ikkje nødvendigvis er langs hovudvegen for den vitskapsbaserte medisinske praksisen. Eg har ikkje sjekka opp alt det grunnlagsmaterialet som forfattaren viser til i denne boka, men jamt over tykkjer eg at han har tatt fram eit godt grunngitt utval av kjelder for å underbyggja synspunkta sine. Innleiingsvis gjer han også kort greie for korleis han har funne fram til desse. Mykje av stoffet, men slett ikkje alt, er godt dokumentert i eit omfattande sett av sluttnotar.

Boka skal tena som ei praktisk bruksrettleiing i å oppnå eit langt og godt liv. På eit svært så offensivt vis skriv han at «alle hemmelighetene skal avsløres». Det viser seg gjennom den vidare lesinga å vera uttrykk for ein vilje til å sjå på påstandar om helsefremjing og førebygging frå ulike sider. Den akademiske medisinske autoriteten, som boka er proppfull av, abdiserer ikkje, men er open for å nyansera perspektiva.

Han drøftar bruken av lækjemiddel i livsstilsamanheng på ein måte som korkje den behandlingskåte indremedisinaren eller den noko tilbakelente allmennpraktikaren vil kjenna seg provoserte av.

Han startar også ut med å ta seg sjølv som eksempel. Dette blir på ingen som helst måte påtrengjande. På dette viset blir han autoriteten som glir saman med folket, og det er eit kraftfullt forteljargrep. Han brukar også fleire anonymiserte og fiktive pasienthistorier som illustrerer dei faglege poenga fint.

Forskaren trer tydeleg fram også når han peikar på behovet for å setja seg mål, og å gå systematisk fram, gjerne supplert med dagbokføring for å sjekka ut at ein går rette vegen i sitt livsutbetringsprosjekt. Trass i at det kognitive rasjonalisten trer så tydeleg fram, talar teksten også til dei meir emosjonelle sidene i lesaren. Livsprosjektet handlar om systematikk og vilje, men også om samspel og kjensler.

Forskaren trer tydeleg fram også når han peikar på behovet for å setja seg mål, og å gå systematisk fram, gjerne supplert med dagbokføring

Zahid skriv om kosthald og fysisk aktivitet så ein kvar med hjarte og hjerne i den offentlege norske helseopplysingspolitikken vil kjenna seg heime. Han drøftar bruken av lækjemiddel i livsstilsamanheng på ein måte som korkje den behandlingskåte indremedisinaren eller den noko tilbakelente allmennpraktikaren vil kjenna seg provoserte av. Han koplar det fysiologiske og det sosiale saman slik at ein kvar nettverksinteressert helsefremjar vil kunna støtta opp om det. Og han maktar mange stader å trekkja den heilt grunnleggjande kunnskapen frami forskingsfronten.

Eit spennande kapittel handlar om positive og negative verknader av alkohol. Drøftinga av tekstar som er brukt som argumentasjon i denne debatten dei seinare tiåra er flott. Men nettopp her tykkjer eg at han går for lett forbi alkohol som eit stoff som har skadeverknader ikkje berre i form av akutte og kroniske manifeste sjukdommar, men også i form av tilvenjing. Han er kort innom både vaksinasjonar og screening, men her kunne han gjerne ha skrive litt meir. Han tek for seg livssyn og tru som noko som påverkar helsa. Her tykkjer eg at han også er litt knapp og relaterer dei mogelege positive verknadene i (altfor?) stor grad til effektar av sosialt samvere. I det etterfølgjande kapitlet ser han vidare på kva meining i livet har å seia for å leva godt og lenge, utan eigentleg å fanga opp tråden frå kapitlet før om livssyn og tru.

Boka er godt verd å lesa for kvar og ein, altså folk flest, som ønskjer å vita litt meir om kunnskapsgrunnlaget for det individretta helsefremjande og førebyggjande arbeidet. Men eg trur at boka også kan vera eit godt val også for den klinikaren som dag etter dag møter pasientar som bør ta litt grep i livet sitt. Wasim Zahid sine argument og tenkemåtar kan godt tas med inn i den fagkunnige dialogen som fastlegen skal ha med pasientane sine.

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitets­sjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen Stord/Haugesund og har tidligere vært assisterende direktør i Statens helsetilsyn og fylkeslege i Rogaland.

Holistisk medisin på trygg vitskapleg grunn
Dr. Wasim Zahid
Hemmeligheten. Slik lever du godt – lenge. Legens beste råd.
Oslo: Kagge Forlag, 2016.
ISBN 978-82-489-1798-4
NOK 349,-

Del gjerne!

Legg inn en kommentar