Publisert i %1$s Anmeldelse

Avansert kvardagsfilosofi

                Heile boka blir ei brei kunnskapsoppsummering om emnet einsemd, mener vår anmelder Geir Sverre Braut om Lars Fr. H. Svendsens Ensomhetens filosofi.

 date_range Publisert 29.12.2015, oppdatert 18.12.2016


Svendsen har gjennom over 15 år markert seg som ein ivrig og dyktig popularisator av filosofi. Frå han gav ut Kjedsomhetens filosofi i 1999 og fram til denne boka, har han fanga opp ei rekkje tidstrendar og analysert dei ut frå ulike filosofiske perspektiv. Vondskap, frykt og fridom, er mellom dei fenomena som han har pusla med tidlegare. Fleire av bøkene er omsette til andre språk. Berre det er nok til å skjerpe forventningane til lesinga av denne boka.

Innleiingsvis fortel han om arbeidet sitt med einsemd som tema. Sjølv om dette ikkje er ein metodeomtale i eigentleg forstand, viser han korleis møtet med dette stoffet fekk han til å snu opp-ned på det meste av det han hadde trudd om einsemd. Den einaste forståinga som sto seg, var påstanden om at einsemd kan ha vesentlege konsekvensar for dei som kjenner seg einsame.

Dei argumentasjonane som forfattaren tar oss inn i, vekslar mellom å byggje på empirisk materiale og å vere teoretisk analytiske. Teksten flyt lett, trass i at boka er sprengfull med detaljar. Forfattaren har gjort eit grundig arbeid med å gjere greie for kjeldene som han har brukt. Både noteapparatet og litteraturlista er omfattande og oversiktlege.

Ofte kan vi høyre påstanden om at einsemd er meir utbreidd i dag enn i tidlegare tider. Dette meiner Svendsen at vi ikkje har grunnlag for å hevde. Han nyttar både tal og forteljingar for å grunngi synet sitt. Han maktar å flette saman statistiske funn og litterære observasjonar på ein spennande måte. Det er heller ikkje berre nyare kunnskap som han har funne relevant å ta med. Framstillinga hans viser at det ikkje er noko til hinder for å nytte data frå nyare forsking saman med utgammalt forteljingsstoff. På eit eller anna forunderleg vis, får han det til å vere heilt naturleg at tal frå levekårundersøkingane til Statistisk Sentralbyrå kjem i forlenginga av at han nettopp har vist til David-salmane og Jobs bok som argument i grunngjevinga av at einsemd ikkje berre er ei nåtidig utfordring.

På område etter område har han funne fram til både kvantitative og kvalitative data som han nyttar i argumentasjonen sin. Denne systematiske vekslinga mellom bruk av ulike typar kunnskap for å vende og vri på konkrete spørsmål, gjer at heile boka blir ei brei kunnskapsoppsummering om emnet einsemd.

Einsemd er eit relativt dårleg avgrensa fenomen som det slett ikkje er lett å tilnærma seg ved hjelp av dei arbeidsmetodane som vi nyttar i medisinsk kunnskapshandtering. Like fullt er einsemd eit fenomen som har noko å gjere med medisinsk praksis, både som årsaksfaktor til ulike helseproblem og som konsekvens av helsetenestetiltak.

Sjølv om eg, nett som forfattaren sjølv, fekk justert ei rekkje av mine eigne oppfatningar om einsemd ved å bli introdusert for dette materialet, var det største utbyttet av lesinga at eg fekk eit utvida perspektiv på korleis ulike kunnskapstypar kan koplast saman for å få ei djupare forståing av komplekse fenomen. Eg trur at mange andre enn meg vil kunne lese denne boka som ein slag meta-tekst om kunnskapshandtering.

Innleiingsvis spør forfattaren om kva det er som gjer denne boka til ei filosofibok. Svaret hans er at ho er skriven av ein filosof. Det er sjølvsagt rett. Men langt viktigare er det at boka er ei filosofibok fordi teksten maktar å setje saman til dels detaljert kunnskap skaffa på svært ulike måtar til ei heilskapleg førestilling som heng logisk saman. Svendsen seier sjølv at dette er ei tilbakevending til ein tradisjonell måte å filosofere på, der ein såg det som heilt naturleg å trekkje på kunnskap frå empiriske vitskapar i det filosofiske arbeidet.

Boka bør vere godt eigna som julegåvekjøp i siste svingen for dei som ikkje har fått gjort unna det enno.

GEIR SVERRE BRAUT er seniorrådgiver ved Forskningsavdelingen ved Stavanger universitetssjukehus, professor i helsefag ved Høgskulen Stord/Haugesund og har tidligere vært assisterende direktør i Statens helsetilsyn og fylkeslege i Rogaland.

Del gjerne!

Legg inn en kommentar